Skip to content
- Det er forbode å bruke noko form for rusmiddel på arrangementa klubben arrangerer.
Det er heller ikkje lov å benytte seg av E-sigarettar på treffet.
- Deltakarar som viser usømeleg oppførsel og/eller som mobbar ander deltakarar vil bli utestengd frå arrangementet. Alle tilfeller vert gjennomgått av styret i klubben etter treffet. I særs graverande tilfelle kan utestengelsen bli utvida til å gjelde framtidige arrangement.
Utstyr som ikkje er ditt skal ikkje rørast utan løyve.
Personar som søv i lokalet skal få vere i fred.
- Fellesareala skal haldast fri for personlege eiendelar. Dette inkluderar alle områder der det er tilrettelagt for gjennomgang. Sørg for at bagger o.l. vert lagra under, eller på, borda og ute av veien for dei andre deltagerane.
- Pornografisk materiale er ikkje lov å distribuere, eller spele av, under arrangementa. Deltakarar vil bli utestengd. Gjentar handlinga seg vil dei involverte bli meldt til politiet.
- Bord som er tilrettelagt for ein ekstra konsoll/bærbar skal ikkje nyttast av andre enn den betalande deltageren. Deltagera som misbruke denne ordninga kan bli utestengd frå framtidige treff.
- Det er ikkje lov å nytte store høgtalara, kjøleskap/frysebokser eller andre produkt som trekker mykje straum. Dette gjeld også bord der det er tilrettelagt for ein ekstra konsoll/bærbar.
- Deltagerane må ta ansvar for å rydde sitt eige bord, og området rundt. Det vert plassert ut spann til boss og pant som deltakarane skal bruke. Forlat plassen din og fellesområder i den standen dei var i når du kom. Gi beskjed i kiosken eller direkte til crewet dersom man ser at spanna til boss/pant er fulle eller tilstanden i fellesareala er under det man forventar.
- Det er viktig å huske å få med seg alt av personlige eigendeler. Dette blir kasta 2 dagar etter treffet dersom det ikkje blir etterlyst.
- Vi tolerer ikkje juks i konkuransar. Dette vert straffa med ein svartelisting frå alle framtidige konkuransar som vert arrangert av Askvoll Dataklubb.
- Om det blit utgitt ny informasjon under arrangementet, så er det eit krav om at det blir følgt.
- Ved grove brot på reglar vert ein umiddelbart kasta ut.